logo

Music Norway er norsk musikkbransjes eksportorganisasjon.

– Er eksportfeltet i ferd med å bli snevra inn?

Av – Er eksportfeltet i ferd med å bli snevra inn? Publisert: 02. des, 2014

Karl Seglem (Foto: Oddleiv Apneseth)

EKSPORTBLOGGEN: Eksportmarknaden er ikkje einsarta, den er svært mangfaldig, skriver Karl Seglem.

Av Karl Seglem

Det er fleire vegar til marknaden og marknaden er ikkje ein marknad, men mange. Bakgrunnen for at eg er spurt om å bidra på Eksportbloggen er at eg nyleg har inngått ein samarbeidsavtale med Eivind Brydøy og managementet Artist Vision.

Eg har lenge tenkt at tida var moden for å inngå eit slikt samarbeid. Vi skal i hovudsak fokusere på den utanlandske delen av min aktivitet, samt støtte oppunder og bygge karrieren i Norge. Det er nytt og inspirerande for meg å få slik form for hjelp. Eg gler meg til jobbe saman med nokon om det eg trur på. Gler meg til å utveksle og dele ambisjonar, idear, strategiar med ein person som kan meir om det krevande administrasjonsarbeidet eg fram til no sjølv har utført. Eg er spent på kor langt vi kan ta det.

Det er antageleg like spennande for Eivind Brydøy. Han går inn i eit nytt marknadsegment både i forhold til kva publikum musikken min appelerer til og har potensiale for å nå, og type musikk å løfta fram. Eg er nokså sikker på at han er medviten om det, og at han vil arbeide for at eg skal stå på scener på jazzfestivalar og konsertarenaer, og ikkje på HeavyMetalClubs oder Discos!

Les også: Eivind Brydøy og Karl Seglem innleder samarbeid

Er eksportfeltet snevra inn?
Og for å poengtere innleiingsetninga: Nokre, såkalt førande stemmer i norsk musikkliv, hevdar at det no er «hit-making» frå gute/jenterommet som gjeld. Fysisk cd-salg og konsertar er på veg ut og vil snart vera historie. Eg humrar og ler litt av slike påstandar, og tenkjer at desse stemmene både har eit svært snevert syn på musikk, og eit lite langsiktig perspektiv på det å skape og formidle ulik type musikk. Også med tanke på å få den ut i verda – ut av Norge.

For ein ting er at det i tanken bak eksport av norsk musikk skal gjevast plass og støtte til variasjonen i uttrykk, genrar og norsk originalitet som er så etterspurt. Ein annan ting er kva som er realiteten. Oss som har vore med ei stund, undrast over om eksportfeltet er snevra inn. Er ting i ferd med å bli einsretta fordi musikk i større grad blir målt i kvantitet og er ei konsumvare i langt større grad enn for berre ti år sidan? Uansett musikksjanger? Betyr eksport av norsk musikk til utlandet, eksport av det som utlandet har definert som populært i utlandet? Utlandet er som kjent det største landet.

Eg håpar ikkje det. Eg håpar eg tek feil. Der er iallfall fullt mulig å jobba ut frå andre kriterier, eller ha andre mål enn det å få flest mulig streams, hits og videovisningar, og (meir utopisk for konsummusikken kanskje); selga mest mulig cd´ar og vinyl. Alt over kortast mulig tid. Eg har i liten grad fokusert på det. Eg er ikkje der. Eg trur på at det nyttar å ha tolmod og bygga kvalitet og eigenart, og framleis selga fysiske produkt. Det går aldri av moten.

Men eg vil streka under, til liks med Jørgen Munkeby, at utan støtte frå UD, Music Norway, div. fond, jazz- og folkemusikkorganisasjonar hadde ikkje eg vore der eg er idag. Og at den støtten på mangfaldig vis, kjem Norge til gode, er eg ikkje i tvil om. For meg er eksportmarknaden ikkje einsarta. Den er svært mangfaldig. I eit kommersielt perspektiv kan ein etter mi meining kalla det eit velllykka løft dersom eg når ut til 400 konsertpublikummarar i Munchen neste år, istaden for til 55 på jazzklubb i Berlin i haust. Og på sikt er måla våre meir hårete.

Les Jørgen Munkebys Eksportblogg: Eksportstøtte gir avkastning

Tid
Ting tek tid. Å skapa tek tid. Å skapa noko eige tek endå lenger tid. Eg har skapt eit kunstarleg uttrykk som eg no er trygg på har ein eigenart og ein originalitet som det ikkje finst maken til. Vidare har eg klokketru på at potensialet til den musikken eg skapar er stort. Min kjennskap og mine røynsler i høve til å nå fram i utlandet har eg fram til idag, stort sett meg sjølv å takke for. Eg har arbeida knallhardt i over 15 år både her i Norge og i utlandet. Eg har spelt konsertar i Tyskland kvart år sidan 1996. Ikkje alltid mange – men kvart år.

God kunst, ja det er kunst, om ein definerer det som eigenart og originalitet, er kommersiell. Det tek berre lenger tid. Og tid er ikkje så mykje å frykta så lenge gleden og gløden til å halda fram er der. På alle plan. Den som har noko på hjartet vil før eller seinare bli lytta til, eller sett. Det er freistande å trekka fram målaren Peder Balke (1804-1887), som gjer det stort i London iår. Eg har valgt å jobba mykje for meg sjølv, fordi eg ikkje har funne management som har passa meg og mi arbeidsform. Når eg no har gått saman med Eivind Brydøy er ambisjonen klar: vi skal opp eit hakk. Om Artist Vision kan hjelpa meg, blir det ei stadfesting på at det er mange ulike måtar å gjera det på. Eg er ingen uetablert ungfole. Det er heller ikkje han. Som team er det etter mitt syn ein stor styrke.

Les også: Tror på løft i Tyskland

Meir fokus på musikken
Ser ein nøkternt på booking og management-segmentet i Norge for min type musikk, framstår det som lite. Det er veldig få aktørar, som jobbar for eindel profesjonelle jazzmusikarar. Eg har valgt mine eigne vegar, som eg også har gjort i arbeidet med plateselskapet NORCD. Det kan hende at det er grunnen til at eg ikkje har nådd breidare ut. Men eg er optimistisk. Eg trur det er ein fordel å inngå eit samarbeid med eit management som også ser det litt utanfrå og har jobba med andre sjangrar enn jazz.

Mest av alt gler eg meg til å kunne fokusere meir på musikken, og litt mindre på alt som er rundt. Musikken er det viktigaste. Eg har tru på at heilskapen og kvaliteten i mitt kunstneriske arbeid blir endå betre. Eivind Brydøy er proff på det som er rundt. Og eg har klokketru på at det kan løsna, særleg i Tyskland. Der har eg eit publikum. Vi vil ikkje spreia arbeidet altfor mykje utover, i for mange land, men halda fast ved planen om å løfta det i Tyskland. Så kanskje begynna å tenka på Asia og særleg Japan. Frankrike, UK og ikkje minst Portugal, der eg også tidlegare har konsertert og hatt eit musikalsk samarbeid med fløytisten Rao Kyao. Med fleire på laget trur eg også det blir lettare å tenka langsiktig, og jobba med eit 3 til 5-års perspektiv.

Les om Eksportbloggen

Økonomi
I løpet av det neste året (tidlegast) håpar vi å få nokre svar på korleis vi kan skape ein meir bærekraftig aktivitet internasjonalt. Det har vorte slik at eindel internasjonale aktørar, kanskje særskilt på jazzfeltet, forventar at dei skal få norske musikarar billeg, aldri betale reise og liknande (Slik er det ikkje for fleirtalet av amerikanske musikarar som kjem til norske/europeiske jazzfestivalar – for å setta det i perspektiv.) Fordi musikarane kjem frå rike Norge forventer ein at dei har mykje støtte i botn og dermed ikkje kan forlange høge honorar.

Dette skal vi prøva å endra på, utan å gløyma at om vi ikkje har ei grunnfinansiering på plass så kjem vi ingen veg. Vi må halde fram med å søka og få støtte, men gå for dyrare billettar, større scener, betre vilkår. Ikkje skape forventningar om at det ikkje skal kosta noko for nokon. Eg har aldri vore tilhengar av at ei innspeling eller ein turne i realiteten er fullfinansiert av støttepengar. Det stoggar før eller seinare.

Les også: Norge kan bli en eksportgigant!

Tydeleggjering
Det handlar også om å klara å formidle på ein tydlegare måte kven Karl Seglem er. Gje publikum nokre knaggar å henga det på. I den samanhengen er eg ikkje det minste redd for å bruka Jan Garbarek. Heilt sidan tidleg på 90-talet har folk samanlikna meg med han, og samtlige norske jazzsaksofonistar blir det, sjølv om vi alle har våre uttrykk og ideal. Eg snur det til noko positivt, og brukar den «knaggen» til å fortelja i kva slags landskap eg jobbar i. Sjølv om estetikken og musikken er ulik Garbareks.

Vi skal også tenka nytt både i form av å jobba mot privat sponsing, finna gode flokkstøtte-prosjekt (crowdfunding), og tilby musikken til film, tv, synk. Det har heller ikkje blitt satsa særleg tungt på marknadsføring av mine internasjonale cd-slepp og turnear. Synligheiten har ikkje stått i forhold til den kunstneriske kvaliteten og det særpreget eg presenterer frå ei scene. Dette vil bli betre. Vi skal legga meir arbeid og økonomi inn i det utan å missa fokus på at dette er nisjemusikk og ikkje mainstream-jazz eller folklore. Eindel promotørar har opp igjennom marknadsført det som noko heilt anna enn det er. Det har meir betydning enn ein kanskje trur. Vi skal få betre kontroll på dette for å bygga namnet Karl Seglem.

Eg er heller ikkje redd for å fokusere endå tydelegare på det norske. På Norwegian jazz, som nesten er ein eigen sjanger, eit eige omgrep i jazzverda. Eg er medviten om mitt uttrykk som tenorsaksofonist. Og bukkerhornspelet er og blir eineståande i verda. Det er ingen andre som driv på med det på den måten eg gjer. Det skal brukast for det det er verdt. Eg veit også at eg har ei eiga tilnærming til improvisasjon som i likheit med Garbareks blir opplevd som langt vekke frå den amerikanske. Dette er i mine øyre ein stor styrke. Det trives eg svært godt med. Der vil eg gjerne halda fram med å vera og utvikle og finslipe musikken min, uttrykket mitt.

Det er fleire vegar til marknaden og marknaden er ikkje ein marknad, men mange. Eg er klar for å finna fleire vegar til nokre av dei marknadene, og i samarbeid med Artist Vision komma vidare.

Karl Seglem er musiker, produsent, poet og driver plateselskapet NORCD. Seglems hjemmeside.

Kommentarer

Relatert innhold